Du finn ca. 30 einingar innan omnar og peisar utstilt hjå oss. Her kan du fritt gå rundt i avdelinga vår og studere dei ulika merka og modellane. Då vert det lettare å finne rett produkt for deg som kunde. Vi har satsa på kvalitetsvarer frå Lotus, Nordpeis, Jøtul, Jydepeisen og Varde
I varmeavdelinga finn du og gode alternativ til forblending av brannmur/pipe og materialar for valg til å bruke under omnen din.
I tillegg har vi alt av ovnsdeler til montering av alle modellane i dei ulike pipealternativa.
Vi tilbyr deg gjerne fast pris på monteringa dersom vi får dei opplysningane vi treng frå deg. Då får du alt montert forskriftsmessig og med dokumentasjon til styresmaktene.
Vi er heile tida "på hogget" for å visa nyheiter frå produsentane våre. Kom innom då vel til ein koseleg varmeprat.